tirsdag 30. desember 2008
Buhu, i dag gjekk skiltet...
Tre dagar att. Vi har begynt å pakke. Var på farvel-besøk på Sotra, der vi studerte kart og planla at bestemor og bestefar og tante Kristin skal komme på besøk til oss. Ylva og Frøya har vore mykje hos venninnene sine dei siste dagane, og skal gå nyttårsbukk på Nordnes som dei pleier. Blir ein tøff start på det nye året. Hallvard er tilbake i Nairobi etter turen på Mount Kenya og venter på oss:-)
fredag 26. desember 2008
Eg skjelver i beina...
Sitat Frøya 7 år. I dag tok vi den berykta drikkevaksinen, det gjekk litt lettare enn sist, men var ikkje veldig enkelt. Frøya prøvde å late som at det var godt, men det gjekk ikkje. Ho vart kvalm, skalv i beina osv. Til slutt nekta ho å drikke meir, så då gav vi opp. Ylva drakk alt med ein gong, men syntes det var kjipt at ho ikkje kunne ete snacks før ein time etterpå. No er det ei veke til vi reiser!!!
mandag 22. desember 2008
Det er julaften om tre dagar...
Og eg har ein drøss med presangar att å kjøpe. Gjekk til byen i går, men kom heim utan ein einaste julepresang, men derimot med permetrin (myggmiddel), myggplaster, solkrem, sårsalve (veit aldri kva ein får bruk for) og ein ansiktskrem som mannen i butikken påstod at soldatane i Afganistan brukar(!).
tirsdag 16. desember 2008
Jeg skal aldri mer til Thailand hvis jeg må ta den ekle drikkevaksinen!!!
Sitat Frøya, 6 år. Uff, no er det på an igjen med drikkevaksine. Ikkje nok med det, vaksineheftene er fulle, og må ha ekstra ark! Vi har tatt nokon vonde vaksiner denne gongen, mot hjernehinnebetennelse, kolera, tuberkulose osb. Dessutan må vi ta lariam før, under og etter opphaldet, mot malaria. Frøya fekk ikkje tabletten ned, og sleit i sikkert ein time før vi knuste den og blanda med syltetøy. Ikkje så lett då heller, men det gjekk no ned til slutt...
The Dodo Travel Log
lørdag 13. desember 2008
London desember 2008
Vi hadde ein flott jentetur til London, med museumsbesøk (får aldri nok!), shopping (får fort nok!) og mykje moro. Til og med tivoli, her er besto og tante Lise i full sving, bokstavleg talt. Det er tredje turen min til London, men det er alltid nye ting å finne på. No var byen julepynta og koselig. Hotellrommet vårt derimot var ikkje spesielt koselig, det stinka og badet var så lite at ein måtte ut for å skifte meining. Jaja, eg har no budd på verre rom enn det...
Abonner på:
Innlegg (Atom)