torsdag 29. januar 2009

The boy in the tree

My favourite animal


Når ein spør borna her kva yndlingsdyret deira er, svarer dei "cow". Hallvard synes det er rart, og trur det er fordi dei knapt nok har sett andre dyr, men eg er enig med dei. Kuer er dei kulaste dyra!!! MØØØØØØ!

There will be no more time for personal pleasure!


Sitat ein svovelpredikant på gata i Kisumu, ein galning i klede laga av maissekkar som fulgte etter oss oppover Oginga Odinga Street. Han såg totalt sprø ut og truleg var han det og. Dette skiltet er utanfor inngangen til Resam, her inne vil dei ikkje ha nokon form for ”drug abuse”, og undervisninga handlar mykje om det. Forståeleg nok, når ein ser konsekvensane av det. I går var vi på vei til Kristine, og då går vi alltid ein snarvei opp ein sti der det alltid kjem strøymande minst ti ungar som vil snakke med oss. No kom også mora til nokre av dei, og ho var alt anna enn edru. Ho ville klemme oss og fulgte etter oss oppover. Dette var kl to på ettermiddagen. Ungane er skitne og kleda er fillete og fæle, men det er for så vidt ikkje uvanleg uansett. Enkelte har meir hol enn dei har skjorte på seg. I Kisumu er det og mykje fyll og bensinsniffande gatebarn. Frå skriveboka til Ylva (i engelsk): ”They wanted the drug addicts arrested. He would like the drug addicts talked to. Yala had the drug addicts adviced. My father wanted the drug addicts arrested. He had the drug addicts counselled.” And it continues like that.

onsdag 28. januar 2009

Schoolgirls


Getting ready for school

P.E. in class 6

tirsdag 27. januar 2009

Soko house



Berre å komme på besøk:-) Nokon som var redd for standarden her? Vi har til og med hotell!

lørdag 24. januar 2009

Endeavour to excel


Nokre av borna på førskulen, han lille i midten er vår favoritt og kjempemorsom, han er litt substitutt for dei små fetterane heime.

P.E. (physical education) ute på jordet. Frøya og Laurin har det gøy.

Ylva og Frøya har begynt på Resam Academy, i 6. og 2. klasse. Eg har vore litt med dei begge inne i klassen, og det er ganske annleis enn i Norge. Dei som meiner at skulane heime treng oppussing kan ta seg ein tur hit, og Resam har visstnok mykje høgare standard enn Tonongoi, den offentlege skulen. Undervisningsspråket er engelsk, og dei som prøver seg med noko anna, kiswahili eller kibsigis (lokalt stammespråk) får kjeft. Norsk tolererer dei til ein viss grad endå. Elevane er som små robotar, læraren snakkar og dei repeterer eller svarer på spørsmål i kor. Det er ikkje sjølvsagt at ein får rykke opp til neste trinn etter endt skuleår, har ein dårlege resultat får ein fint gå opp igjen. Dermed er det veldig ulik alder på borna i samme klasse. I Frøya sin klasse er elevane frå 6 til 10 år. I Ylva sin klasse er dei mellom 10 og 16 år. Jentene tek til å bli litt kjent med dei andre no, og det er jo kjekt for alle partar, sjølvom det framleis blir mykje fuzz når vi viser oss. Frøya har ei venninne som heiter Laurin, som passar veldig på henne, og ropar ofte til læraren viss det er ting som bekymrar: ”Madam! Madam! Freya doesn’t have a cup!”. Elevane drikk berre te om morgonen, og så får dei graut (som er meir som ei suppe) kl 11. Då har dei sine eigne koppar, og stiller i matkø utanfor kjøkkenet. Ylva og Frøya har foreløpig ete lunch heime, men vi tenker å smake på suppa etterkvart. Elles et dei ugali som dei og påstår er det beste dei veit, eg mistenker at dei manglar andre svaralternativ.

tirsdag 20. januar 2009

Obama the Great! Congratulations Kenya!



Obama er poppis i Kenya, natuleg nok, han er jo kenyansk og svart. Black man in the white house! Rumours has it that they already have started to paint the white house black! Søndagsutgåva av The Standard on Sunday var dedikert i sin heilskap til Barrack Hussein Obama. Han har vore i Kenya tre gongar, og var i Kisumu i 2006, då han og besøkte landsbyen der faren kom frå. Han er umåteleg populær, og står for den ultimate oppreisinga for den svarte befolkninga i USA og dermed og Afrika. Ein kan kjøpe alle slags duppedittar med bilete av Obama, til å henge på veggen, i bilen, trekk til bildekk osb. Han har besøkt slummen i Nairobi, kjørt stappfull matatu, solgt frukt på markedet i lag med bestemora som framleis bur i Kogelo, og då han og kona Michelle var i Kisumu hiv-testa dei seg begge to for å setje fokus på AIDS-problematikken. Med andre ord, Obama er ganske ulik kenyanske politikarar som ikkje brukar å vise seg ute blant vanlige folk. Kenya har sendt ut ein delegasjon som skal representere landet under innsettinga av den nye presidenten, men dei får kritikk for å bruke mykje pengar på dette når folk sveltar i Nord-Kenya. Dei burde brukt pengane på maismjøl i staden.

Please reward me with some chocolate!





I Kisumu var det ikkje så lett å finne hotellrom, så vi endte på eit skabbehotell utan like (Razbi Guest House, som Hallvard raskt omdøpte til Rasshøl Guest House), noko som var veldig festlig fordi eg vart matforgifta etter å ha inntatt eit bedre måltid beståande av fish from the lake. Eg drøymte at eg var kvalm og spydde på bussen, og så våkna eg og kjente at eg faktisk måtte spy. Det var ikkje toalett på rommet, og fellesdoen var tett, og det fantes ikkje vatn i springen heller. Etter tre rundar med spying roa det seg, men ingen fekk sove noko særlig sidan eg slo av og på lyset og leita etter posar, Hallvard måtte vekke Kristine og få tak i vatn og styrte på. He he, det er straffen for å reise til byen og ete middag ute. Lørdag bytta vi hotell til Lakeside Guest House ned ei sidegate frå Oginga Odinga Street, der var det koselig med balkong (og horetrafikk heile døgnet, men ein kan ikkje forlange alt av eit hotell…).
Vi bada fredag, lørdag og søndag, og var i grunnen fornøyde med å reise tilbake til Sigowet på søndag ettermiddag. Det med sjokoladen var det forresten resepsjonisten på hotellet som kom med, afrikanarane har ein merkeleg måte å snakke på, dei snakkar svært innvikla, og mange forstår lite engelsk. Kan vere ganske morsomt til tider.

onsdag 14. januar 2009

Ylva og Frøya




Snart skal Ylva og Frøya begynne på skulen, Resam Academy, dei gleder seg vilt (ironi).

Monkeysafari utan aper





Josh (rektor på Resam) inviterte oss med på apesafari, men vi såg ingen aper. Likevel ein fin tur, vi gjekk i ca 2 timar nordover (Frøya hadde kompass med), til Karibunu Chebuli Forest, ein veldig fin plass med høge tre og djupe dalar, ei fantastisk utsikt. Det var ekstremt varmt, vi hadde med oss vatn og litt mat, noko som sjølvsagt var svært morsomt for dei lokale ungane som stod og stirra på oss. Tilbake tok vi ein matatu, vi var berre 9 stk inni den lille personbilen, fire framme og fem bak. Lasterommet var fullt av kull og bensin som stinka heilt vanvittig. Vi lurte på om vi kom til å bli rusa av det, og dermed ikkje få komme inn på Resam sidan det er drug free zone. Å sniffe bensin er dessverre ein utbredt hobby blant gatebarna.

Vi skal bli i kjempeform!



Vi har gått tur kvar dag, og i dag gjekk vi nordover og opp på ein topp. Der var det utsikt mot Sondu, ein liten by ikkje så langt herifrå. Det var og utsikt til Lake Victoria og mot Kwitutu, ein vulkan 1694 m.o.h. som ein kan gå opp på og kikke ned i krateret. Det skal vi gjere ei helg, tenker vi. Kristine var og med. Ho inviterte oss på tomatsuppe etter turen, då var vi heilt matte av varmen. Det er veldig varmt, kleda klistrar seg til kroppen. Kristine har heller ikkje vatn i huset sitt, så ho måtte komme bort til oss og benytte seg av kalddusjen vår! Har planer om å reise til Kisumu neste helg, då blir det bading frå morgon til kveld. Denne helga fann vi ut at det var best å vere her og prøve å bli kjent med skuleborna på Resam, mest for Ylva og Frøya sin del.

Josie brenner boss



Eg lurte litt på kor vi skulle hive bosset, og det er sjølvsagt ikkje noko apparat for renovasjon her. Josie tømte bosset utover og satte fyr på det, i eit hjørne av skuleplassen, der bossplassen er. Men då vi kjøpte brus i ein av butikkane her i går (glassflasker) gjekk det ei stund og så stod innehavaren ved porten og etter mykje om og men skjønte eg at han ville ha tilbake flaskene. Eg sa vi ikkje hadde drukke dei, og lova å komme opp med dei seinare. Det er tydeligvis pant på dei, men det er jo fint. Alle plastflaskene derimot, vi må jo kjøpe drikkevatn, hopar seg opp. Naboen sa at dei er jo fine til å hente melk i, eller ta med drikke viss ein skal ut på gården etc. Men dei kjøper nok ikkje vatn heile tida slik vi gjer. Folk her har nok mest organisk boss, dei dyrkar jorda og har nokre dyr (høns, kyr, sauer, geiter, esel for det meste), og har ikkje noko forbruk utover det. Dei lokale butikkane bærer preg av det, dei har nesten ingenting å selge.

onsdag 7. januar 2009

Den rette plassen for morgonfuglar

Folk er veldig tidleg oppe her, ein må utnytte dagslyset. Eg og ungane har sove lenge om morgonen, eller lenge og lenge, i går sov vi til kl 9, og akkurat då vi hadde komen oss ut av køyene kom Josephine (hushjelp). Ho var sjokka over at vi nettopp hadde stått opp, og ikkje eingong hadde ete frokost! Ho er oppe kl 5 kvar dag. Så i dag har vi skjerpa oss, og stod opp kl 8:)
Det er så mykje lydar her, og vindaugene står på vidt gap fordi det blir så varmt. Froskane og grashoppane er særleg aktive om natta, dessutan er det nokre esel i nærheten som likar å hyle (merkelige lydar...). Men vi blir nok vant til det.

Send e-post folkens!!! solvi.vik@hotmail.com (problemer med å komme inn på den andre om nokon har sendt noko der)
Og gjerne brev, då blir vi glade (vi har eit postkontor i neste by), postadr vår er:
Sølvi Vik
Resam Academy
P.O.Box 1106
KERICHO 20200
KENYA

Ylva har og ein fin blogg: www.ylvareiser.blogspot.com

Sigowet

Husa langs vegen her i Sigowet har samme stilen som i ville vesten. Men landskapet er fantastisk. Her er det slakter, skredder osb. Vi må hamstre inn mat i Kisumu, for det er ikkje så mykje å få tak i her.
Dette er den offentlige skulen i Sigowet der Hallvard no jobbar. Han skal vere der til april, og deretter på Resam Academy, der vi bur.
Her er vi på snarveien frå oss og opp til Kristine sitt hus. Det er alltid mange som vil gå med oss og snakke med oss. Dette er skolebarn på vei tilbake til skulen etter pausen.

Nairobi


Nettforbindelsen her er ikkje den enklaste. Alt går veldig tregt. Her er eit par bilder frå Nairobi, det øverste er Terminal Hotel, der vi budde i Nairobi. Nabohuset var på veg til å bli revet, stein for stein.

mandag 5. januar 2009

Jambo!!!!

No er vi i Sigowet etter lang reise, via Oslo, London med overnatting, Nairobi med overnatting, Kisumu med overnatting og basseng(!) og deretter til Sigowet. Vi har blitt tatt godt imot, alle kjem strømmande for å hilse på eller berre sjå på oss. Vi bur i eit ganske stort hus, men standarden er enkel. Eller, ikkje i forhold til resten av landsbyen, der folk flest ikkje har innlagt vatn eller strøm. Vi bur inne på skuleområdet til Resam Academy, og næraste naboar er Sam og Rebecca som eig og driv skulen, 2 meter mellom husa. Dei har fire eigne barn, og fire fosterbarn. Skuleområdet er avsperra med vakt heile døgnet, når det blir mørkt om kveldane kan vi ikkje gå ut utan å ha med væpna vakt. Høres kanskje skummelt ut, men det er mykje kriminalitet og fattigdom i Kenya. Eg har vore i mange fattige deler av verda før, men det er verre her. Mykje verre.