tirsdag 31. mars 2009

Infections


Det er svært lett å få infeksjonar her, og får ein sår brukar det lang tid på å gro. Ylva fekk infeksjon etter bcg-vaksinen, og det var heilt vanvittig kva som kom ut av det såret. Til slutt måtte vi til den lokale medisinmannen og få antibiotika (kosta fire kroner for ein kur, noko som kan få ein til å fundere på medisinprisane heime). Då gav det seg omsider. Eg fekk eit gnagsår på ei tå ein av dei første dagane vi var her, og det tok altså ein mnd før det lukka seg. Mange går rundt med opne sår, byllar og diverse. Eg har lest at rundt 50 prosent av afrikanarane har bilharzia, som er ei larve som går inn i kroppen og et av innvollane (A swim in the lake? No thank you!). 10 prosent har hiv, svært mange har malaria og tyfoid. Og så har du varmen i tillegg. Er det rart ting går litt seint her? Hallvard (daktari Alvaro) har alltid med seg førstehjelpsutstyr, og no rensar han sår og plastrar elevane. Folk her gnir salt godt ned i såret, og dekkar det ikkje til. Kristine var på husbesøk hos ein familie der alle var angripne av ei slags lus som et opp beina på folk. Borna hadde store sår og var utestengt frå skulen. Mora var sløva, og the medical officer som var med meinte at lusa hadde begynt å ete på hjernen hennar, det kan visst skje viss ein ikkje får behandling i tide. Dette er eit vanleg problem hos dei som har jordgolv i husa sine, og det har jo dei fleste her. Men vi har heldigvis sementgolv. Uhu!

Mungu unapenda

Her er Fredrik i rosa bukser. Rosa er ingen jentefarge her.

Oscar, Markus og Thomas

Eg og Kristine presenterer oss, noko vi alltid må uansett kor vi er. Vi ser ut som eit par fromme misjonærar, he he.

Lett å duppe av når temperaturen nermar seg 40 grader under blikktaket.

Baba yetu uliye mbinguni, Jina lako litkuzwe,
Ufalme wako uje, Mapenzi yako yatimizwe,
hapa duniani kama huko mbinguni.
Utupe leo riziki yetu.
Utusamehe deni zetu,
kama sisi nasi tuwasammehevyo wadeni wetu.
Na usitutie majaribuni, lakini utuokoe na yule mwowu.
Kwa kuwa ufalme ni wako, na nguvu, na utukufu hata milele.
Amina.



fredag 27. mars 2009

Fred, Peter og Julian som bur på gata i Kisumu

"Dear Mr. President"

Dear Mr. President,
Come take a walk with me.
Let's pretend we're just two people and
You're not better than me.
I'd like to ask you some questions if we can speak honestly.

What do you feel when you see all the homeless on the street?
Who do you pray for at night before you go to sleep?
What do you feel when you look in the mirror?
Are you proud?

How do you sleep while the rest of us cry?
How do you dream when a mother has no chance to say goodbye?
How do you walk with your head held high?
Can you even look me in the eye
And tell me why?

Dear Mr. President,
Were you a lonely boy?
Are you a lonely boy?
Are you a lonely boy?
How can you say
No child is left behind?
We're not dumb and we're not blind.
They're all sitting in your cells
While you pave the road to hell.

What kind of father would take his own daughter's rights away?
And what kind of father might hate his own daughter if she were gay?
I can only imagine what the first lady has to say
You've come a long way from whiskey and cocaine.

How do you sleep while the rest of us cry?
How do you dream when a mother has no chance to say goodbye?
How do you walk with your head held high?
Can you even look me in the eye?

Let me tell you 'bout hard work
Minimum wage with a baby on the way
Let me tell you 'bout hard work
Rebuilding your house after the bombs took them away
Let me tell you 'bout hard work
Building a bed out of a cardboard box
Let me tell you 'bout hard work
Hard work
Hard work
You don't know nothing 'bout hard work
Hard work
Hard work
Oh

How do you sleep at night?
How do you walk with your head held high?
Dear Mr. President,
You'd never take a walk with me.
Would you?

-Pink-

onsdag 25. mars 2009

Kiptere

Vaffel likar stort sett å gå tur, når ho ikkje giddar meir, slenger ho seg ned i grøfta og nekter å gå lengre. Ho er redd for store bilar, men vil gjerne jage esel!

Robert, Irene, Brian, Mercy, Dennis og eit par ekstra linselus.

Frøya tar bilde av meg i lag med den søøøte kalven!

Vi har funne ein supergrei familie i Kiptere som vil passe Vaffel når vi skal vekk, og dei vil gjerne ha henne når vi reiser heim. Det er ellers mange som stoppar oss når vi går tur og seier: Give me the dog! Men dei veit vel at viss dei får ein valp av oss, har den fått lusekur, vaksine, ormekur, god mat og godt stell, og altså er ein hund med eit godt utgangspunkt. Veterinæren fortalte at denne rasen er vanskeleg å trene, men Vaffel har no allereide lært å gå på do ute. Men den et absolutt alt den kjem over, til og med drit! Dei som ikkje vil ha Vaffel, vil gjerne gi oss ein hund til, eller ein katt. Det er jo logisk, viss du har ein hund vil du jo ha fleire. «I bring you the cat tomorrow». Trur det held med Vaffel forløpig. Vi var i Kiptere i går, og det viste seg at barna hadde gått tur med både Vaffel og Chapati, den andre hunden dei har. Det er noko folk her elles aldri gjer, og synes det er veldig morsomt at vi går tur med hunden i band.

søndag 22. mars 2009

Barna i Afrika


Når eg seier til Ylva og Frøya at dei skal tenke på barna i Afrika, svarer dei: Jammen, mamma, det er jo oss!!!

torsdag 19. mars 2009

At nordmenn er rare

veit jo alle. Dei teltar til og med inne i huset! Folk som kjem på besøk synes det er veldig morsomt at vi har telt midt i stova, men Ylva og Frøya bur faktisk i det for tida. Det er Kristine som har tatt bilde av oss.

Billy goat gruff is dead...

Dødaren Markus med prakteksemplaret av ei geit

Partering

Ser nesten ut som eit kunstverk!

I anledning at svenskane skulle reise, vart vi invitert på slakting og påfølgjande grillfest. Det var Markus som skulle stå for kuttinga av strupen, med Joseph og Oskar som hjelparar. Det vart ein grisete affære, vi fekk sjå prosessen frå avliving og tapping av blod til partering og vrenging av alle delar, inkludert tarmar. Det er som Norge før i tida, ein skal bruke alt. Så vart det grilling på rist over ei grop i jorda. Det var mange på besøk, men kvinnene sat stort sett på kjøkkenet og mennene inne i huset, bortsett frå the wazungus. Vi fekk servert kjøtt, chapati, ugali etc. Og rosina i pølsa: kokt mage/tarminnhold. Oskar spiste ei heil skål av det!!! Eg bøyer meg i støvet. Eg kom til å tenke på Roald Dahls «SVK» der er det ein som heiter «mageslukeren», det blir no Oskar sitt nye navn, he he. Eg smakte litt, det var slett ikkje så ille, men tanken på kva det var fekk det til å gå rundt for meg. Dei andre nøyde seg med å vere The Flintstones som gnagde på kvart sitt digre bein. Ylva syntes slaktinga var spanande, ho stod og fulgte nøye med heile tida. Men skal ho bli veterinær må ho vel tåle litt blod og gørr. Frøya ville ikkje sjå på og heller ikkje smake. Ho ville heller leke med Vaffel på andre sida av huset.

mandag 16. mars 2009

Mmmmmmbuzi!

Vi brukar å kjøpe bein til Vaffel hos slaktaren, og denne gongen fekk vi litt diverse. Til og med litt av halen på geita var med. Vaffel slukte den heil og den kom ut igjen like heil (!).

Resam Academy - where God lives

Outside the classrooms

The girls dormatory.

Skulebøkene ser stort sett sånn ut.


fredag 13. mars 2009

Julekveld i Sigowet

Vi har fått pakken frå Anne-Lise og det var stas! Sjølv om Hallvard meiner du er ond som sendte Troika, he he. Men det var jo dette med perler for svin... Det er utruleg kjekt med pakke eller brev frå Norge, det er julekveld kvar gong. Tusen takk:-)

torsdag 12. mars 2009

Kenya is waiting for the rain

Ein gut som hentar vatn. Eselet legg seg ned så det blir lettare å laste på.

Satelittbilde som viser eit tørt Kenya

Would you drink this water? Her i Sigowet har dei faktisk ikkje noko
valg. Dette er det vatnet som finst.

Her på Resam er det fleire vanntankar som blir fylt opp med regnvatn. No er det nesten tomt, ein må fylle på kvar dag. Vi har ikkje vatn på kjøkkenet eller på badet. I dusjen er det framleis vatn, men der kjem det ut mykje rart, mellom anna små igler og mygglarver. Dette vatnet drikk dei fleste her utan å koke det eingong. Er det rart dei blir sjuke? Regnet kjem om nokre veker. Det har vore lite regn i mange månader no, og i øst har det vore vanskeleg å dyrke noko. Ti millionar menneske står i fare for å svelte på grunn av dette. Normalt regnar det ein del frå september til desember, men i fjor kom det berre ein brøkdel av det normale. Her i vest er det grønt og frodig, men mais-hausten har likevel vore svært dårlig. Dette er på grunn av uroligheter som har gjort det vanskeleg for jordbrukarane å få sådd maisen i tide. Vest-Kenya er det mest fruktbare området i landet, og det meste av korn og mais blir produsert her. Men krig og spetakkel mellom ulike folkegrupper held fram. Så no er det innsamling på alle kantar til dei nødlidande, og regjeringa har erklært krisetilstand.

mandag 9. mars 2009

søndag 8. mars 2009

Ein søndag i mars

Ministoltzen!!!

Utsikt frå plenen til Rosemary

Arbeidarane på teplantasjen

Chapati, mmmm!!!

Det har vore sol og fint i heile dag, men i kveld tok det til å regne, lyne og tordne. Straumen går i eitt sett, så vi har stearinlys og hovudlykt klare til bruk. Vi var på tur til eselhaugen i ettermiddag, høgde 1900 m.o.h. og på vegen ned tok vi ein ny veg og fann mini-stoltzen, jippi! Vi hadde ein gjeng med ungar etter oss heile vegen, og alle vi treff vil som vanleg invitere oss heim til seg. I dag hadde vi heldigvis klart å vri oss unna heimebesøk, etter at vi var på besøk hos ein kollega av Hallvard i går, i ikkje mindre enn seks timar. Fekk omvisning på teplantasjen, såg på gården, satt på kjøkkenet lenge, låg ute på plenen og slappa av (!), osv, og etter tre timar var det mat. Og den maten var i grunnen verdt å vente på, for den var svinegod. Chapati, ris, kjøtt, grønnsaker, pumpkin soup. Då var vi så svoltne at vi åt alt for mykje. Men etterpå var det jo meir avslapping, så det gjorde ikkje noko. Så gjekk vi og kikka på kuene når dei vart mjølka, og var innom hønsehuset. Så var det te-servering, chai (te med mjølk rett frå kua). Så var vi ein tur på utedoen før vi tusla heimover.

tirsdag 3. mars 2009