onsdag 25. mars 2009

Kiptere

Vaffel likar stort sett å gå tur, når ho ikkje giddar meir, slenger ho seg ned i grøfta og nekter å gå lengre. Ho er redd for store bilar, men vil gjerne jage esel!

Robert, Irene, Brian, Mercy, Dennis og eit par ekstra linselus.

Frøya tar bilde av meg i lag med den søøøte kalven!

Vi har funne ein supergrei familie i Kiptere som vil passe Vaffel når vi skal vekk, og dei vil gjerne ha henne når vi reiser heim. Det er ellers mange som stoppar oss når vi går tur og seier: Give me the dog! Men dei veit vel at viss dei får ein valp av oss, har den fått lusekur, vaksine, ormekur, god mat og godt stell, og altså er ein hund med eit godt utgangspunkt. Veterinæren fortalte at denne rasen er vanskeleg å trene, men Vaffel har no allereide lært å gå på do ute. Men den et absolutt alt den kjem over, til og med drit! Dei som ikkje vil ha Vaffel, vil gjerne gi oss ein hund til, eller ein katt. Det er jo logisk, viss du har ein hund vil du jo ha fleire. «I bring you the cat tomorrow». Trur det held med Vaffel forløpig. Vi var i Kiptere i går, og det viste seg at barna hadde gått tur med både Vaffel og Chapati, den andre hunden dei har. Det er noko folk her elles aldri gjer, og synes det er veldig morsomt at vi går tur med hunden i band.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar