torsdag 26. februar 2009

Gamle Martha


Martha er 98 ein dag og 92 neste gong vi spør, begge deler ein usedvanleg høg alder her i Kenya. Folk her veit ikkje kor gamle dei er, så dei opererer ofte med ca-tall. Gjennomsnitts levealder er 48 år og meir enn halvparten av befolkninga er under 15 år, sjølvsagt på grunn av AIDS. 700 døyr av AIDS kvar dag, og 2,5 millioner barn er foreldrelause. Det finst livsforlengande medisin og medikament som reduserer risikoen for å overføre HIV frå mor til foster, men folk her har ikkje eingong råd til grunnleggande helsevern. Dei store selskapa som produserer denne medisinen til Vesten, nektar u-land å produsere billigare, og dermed er det endå lengre utanfor rekkevidde. Kostnad for å medisinere ein AIDS-pasient i året: ca 200 000 kr. Årleg inntekt for dei fleste i Kenya: under 3000 kr.

tirsdag 24. februar 2009

Ville vesten

The king of bread

Kisumu - ein vakker by, bosset flyt i gatene...

...med mange vakre bygg! Ein del vart ødelagt under valget i desember 2007, då folk gjekk amok og brant ned hus og raserte byen.

Det var så svinevarmt i Kisumu denne helga (vart litt solbrent)! Vi budde på New Victoria Hotel denne gongen, det var koseleg, med balkong og indisk restaurant i første etasje. Til frokost lørdag var det SvampeBob til alles begeistring, litt nedtur på søndag når det var helbredelses-tv i staden. Det er heilt sjukt å sjå på, folk blir slått i bakken, og helbreda for alt frå kreft til døvhet. Eg trudde det var eit muslimsk hotell (stort bilde av Mecca på veggen etc.). Minareten er rett i nærleiken, og bønneropet gjallar frå kvart over fem om morgonen. Det er og alkoholfritt hotell, men vi smugla inn litt øl likevel, og satt på balkongen og såg på stjernehimmelen (Orions belte er rett over oss) og flaggermusene som flaksar mellom husa. Lørdag måtte vi ha pause frå bassenget midt på dagen, og okkuperte ein halv nettkafe, med ei maskin på kvar. Ylva og Frøya syntes det var topp, dessutan hadde dei god kaffi og milkshake der, noko ein ikkje akkurat får kvar dag. Ellers traff vi gatebarna vi spanderte bananer på sist vi var i Kisumu, dei kjente oss igjen og kom springande (Hey, I know you!).

fredag 20. februar 2009

Eit husbesøk

Utanfor huset til David og Rachel

Oppvask. Kvinnene vaskar opp i baljar ute og legg til tørk på stativet. Ingen har innlagt vatn eller straum, og alle har utedo. Mykje jobbing...

I kyrkja. Hallvard og Frøya har fått nok for lenge sidan.

Her er menigheten, litt fleire enn på ei gjennomsnitts norsk gudsteneste?!

Lørdag var vi inviterte til David Bor, først i kyrkja (dei er 7. dags adventistar og har dermed lørdag som kyrkjedag) og så heim til han. Det vart ein lang dag, når gudstenesta gjekk inn i tredje time holdt vi på å svime av, det blir så varmt under blikktak i steikande sol, og i tillegg var det dørgande kjedelig. Vi måtte sjølvsagt fram og bli presentert skikkeleg for heile forsamlinga. Når det endeleg var ferdig vart vi kasta til ulvane. Det vil seie alle ungane som var der (mange) flokka seg rundt oss og ville glo på oss ta på håret vårt osv. Det blir altfor voldsomt for Ylva og Frøya. Det er skikkelig irriterande, for det er umulig å komme unna, dei følger etter kor langt som helst, og så ropar dei til andre framfor oss på stien slik at dei kan henge seg på, og dermed har ein alltid ein hale av folk etter seg. Etter kyrkja var vi heime hos familien til David, der vi vart servert geitekjøtt og diverse anna. Vi var der i timesvis, det er ikkje slik at ein kan stikke når ein har ete og tørrprata i eit par timar. Når ein er på besøk hos ein afrikansk familie er det uhøflig å gå før ein får lov. Og ein får aldri gå. Dei vil gjerne at ein skal vere der heile dagen. Sjølv om verten sit og ser på tv (kjempehøgt på swahili) og ein ikkje har meir å snakke om, så er det stas at ein berre sit der og glor. Men dei hadde heldigvis masse dyr som vi kunne gå og kikke på, og ein katt! Det rare var at kona i huset ikkje fekk ete med oss, berre mannen og ein nabo han hadde invitert. Dottera gadd han ikkje å presentere ein gong. Då vi hinta om at vi ville gå, kom dei med brus og kjeks, og så gjekk det ein time til. Og då ville kona i huset gjerne at Ylva og Frøya skulle vere igjen og overnatte!

lørdag 14. februar 2009

Nokon synes vi er litt skumle

Eitt av barna i snarveien til Kristine sitt hus. Folk her synes det er litt kaldt når temperaturen kryp ned i mot 20 grader, då må ein kle seg godt med jakke og lue:-)

The smallest hair saloon ever!

Houston, we have a problem!

Problemet heiter Vaffel og har flytta inn hos oss. Her er det skulearbeid på trappa. Frøya har dilla på matte. Det har IKKJE Ylva.

Sånn ser det stort sett ut når vi viser oss ute. Kan bli litt slitsomt i lengden.

torsdag 12. februar 2009

Ein afrikansk begravelse


Eg fekk låne Joylin, 6 veker gamal


Plutseleg slengte enkja seg nedpå litt

Les som: ein ABSURD opplevelse. Vi var inviterte heim til Josie, men då vi kom dit etter å ha gått i to timar, fekk vi beskjed om at vi måtte gå og helse på naboane som holdt på å førebu begravelse. Det gjorde vi, og kom oss nesten ikkje derifrå. Det var masse folk der, og vi har jo aldri møtt han som var død, men vi var likevel ”highly welcome”. Vi satt der lenge, og så fekk vi servert te. Då vi omsider fekk formidla at vi måtte vidare var alle sjokka over at vi ikkje skulle bli til middag (som sikkert var mange timar til). Mennene holdt på å bygge eit hus der likskuet skulle vere. Folk her blir begravd heime på eigedommen sin (og så plutseleg ein dag står hunden på trappa med eit lårbein i kjeften…). Nokre dagar etterpå fekk vi beskjed om at familien lurte på kvifor vi ikkje kom i sjølve begravelsen, dei ville veldig gjerne at vi skulle komme.

Såpebobler


Dette er det ingen som har sett før, alle er forundra og lurer på kva i all verda som skjer når Ylva og Frøya blåser såpebobler. Morsomt!

Landesorg i Kenya


Det vart erklært fire dagars landesorg nyleg på grunn av fleire alvorlege ulykker i Kenya. Det siste som skjedde var at ein tankbil velta og folk kom strøymande for å samle opp bensinen som rant ut, og så tok det fyr. Ein er usikker på om det var eit uhell med ein sigarett eller om nokon tente på fordi dei ikkje hadde fått tak i noko bensin. Dette skjedde i Molo, Rift Valley, ikkje så langt herifrå. 130 personar brant i hjel. Det verste er at nokre dagar etterpå velta ein ny tankbil, og igjen kom folk springande utan å tenke på kva som nettopp hadde skjedd. Desperate etter å tjene nokre få shilling. Her vaiar flagget på halv stong på Resam.

tirsdag 10. februar 2009

Fint bokbind


Elevane brukar ofte avispapir som bokbind, men dei tenker ikkje på kva side dei brukar, som i dette eksempelet, dødsannonsane...

mandag 9. februar 2009

Då Zimbabwe ville frede nordsjøsilda


I det nordøstlige Atlanterhav svømmer det 87000 vågehval. Arten er truet, men ikke i Norge. Derfor fanger vi hval, på tvers av internasjonale konvensjoner. I Zimbabwes nasjonalparker går det 87000 elefanter. Arten er truet, men ikke i Zimbabwe. Stammen må beskattes av økologiske grunner. Derfor skyter Zimbabwe elefanter, på tvers av internasjonale konvensjoner. Zimbabwe gjør med elefanten det vi gjør med vågehvalen. Men Norge er imot at Zimbabwe gjør det. (…) Zimbabwe trodde i sin naivitet at Norge kunne være deres gode fe blant de rike land. Norge med sin omstridte hvalfangst burde være det første land til å forstå seg på elefantjaktens betydning for den økologiske balanse. Men nei. Under CITES-konferansen i Kyoto i Japan i 1992 gikk debatten om ”appendix I”, hvor elefanten er listet. (…) Zimbabwe sender sitt forslag og foreslår at nordsjøsilda blir innlemmet i appendix I. Nordsjøsilda! Zimbabwe, landet nord for zulustammen, øst for buskmennene og sør for pygmeene, mener at nordsjøsilda skal totalfredes! Forslaget havner på Norges bord. Hæ? Det blir møter. Dere kan da ikke mene dette alvorlig? Zimbabwe var ikke uten svar. Det var flere grunner til å frede silda. Flere underarter har gått drastisk tilbake over en årrekke. Hadde en afrikansk fisk vært like utsatt hadde Europa fredet den for lengst. Men forslaget ble trukket. Zimbabwe hadde ingen spesielle interesser i Nordsjøen. (Utdrag ”Mor Afrika”)

Sufuria på trappa


Vi gjekk plutseleg tomme for gass akkurat når vi skulle lage kaffi, alle veit jo for ei krise det er, men Josie veit alltid råd:-)

lørdag 7. februar 2009

Kericho - a patchwork of tea plantations




Sjølv om dette er te-hovudstaden i Kenya, er det knapt nok mogleg å få ein kopp god te. Den gode teen blir eksportert. Te utgjer mellom 20-30% av eksporten frå Kenya. Teplantasjane er enorme, med små konsentrasjonsleirar til arbeidarane inne på området. Der bur og jobbar dei. Buskane blir plukka kvar 17 dag, og arbeidarane har ansvar for sitt lille felt. På ein god dag kan ein arbeidar plukke to gongar kroppsvekta si. Vi hadde store planer om å ta ein matatu til Kericho i går, men så kom Ruben (sjåfør i bilen ”Gods great”) og tilbydde skyss med privatbil om vi var interesserte. Eg pruta ikkje, noko eg tenkte etterpå at eg sjølvsagt burde gjort, og betalte 250 kr for heile familien+Kristine+ tur/retur, og då venta dei på oss utanfor kafeen vi åt på (Sunshine Hotel), kjørte oss til den botaniske hagen (som var veldig fin, du kan glede deg til den når du kjem på besøk, Grete), postkontoret og til butikken. Mr. Josh var og med. Alt medan dei venta og passa på at bilen var så nært døra som mogleg. Ein tenker jo at det er billig, men etterpå kom eg på at det faktisk er nesten to mnds lønningar for Josie, så det var nok ein smule overprisa. Hallvard blir litt stressa over at dei skal henge over oss og nesten bestemme kva vi skal gjere, det går ikkje å bli droppa av og så plukka opp eit par timar etterpå. Neida, dei må kjøre oss rundt, sjølv om det er ein LITEN by. Vi veit jo at det er godt meint, men likevel.

onsdag 4. februar 2009

Small children and razor blades


Skulemateriellet her er til å grine av. Elevane manglar alt! Mange sit i timane og har ikkje eingong ein blyant. Men det verste er at det ikkje finst blyantspissarar her. Ungane brukar barberblad til å spisse med, og når ein spør kor mange som har kutta seg er det så og seie alle. Små barn med barberblad og HIV er god blanding. Læraren seier at dei ikkje skal dele barberblad, men dei gjer det jo likevel. I andre klasse var det ein som spissa blyanten med tennene! Vi prøver no å bytte til oss barberblad mot blyantspissarar, særleg i klassen til Frøya der elevane er ganske viltre og i tillegg sit tre-fire stk på kvar pult blir det litt sånn risikosport.

mandag 2. februar 2009

After the storm



Dette er utsikten frå trappa vår. Det er eit fantastisk landskap her, og lufta er heilt utan forureining. På kveldane kjem dei nokre skikkelege regnskurer som klarer lufta, elles er det fint ver og mellom 20 og 30 grader heile tida. Straumen kjem og går i eitt sett. I går vart det plutseleg storm, vi sprang rundt og lukka vindu, ellers blir det klissvått inne. Det tordna og lynte, og regna heilt vanvittig (Bergen er ingenting i forhold, he he). Men i dag tidleg var det som vanlig fint igjen. Kleda til jentene på internatet låg strødd over heile hagen.

My birthday



Tusen takk for alle bursdagshelsingane, eg vart kjempeglad! Dagen vart feira i Kisumu, denne gongen fekk vi privat transport dit og slapp dermed å kjøre overfylt matatu. Vi budde på Lakeside View som sist og bada på Kisumu Hotel fredag, lørdag og søndag. Svinevarmt og sol, ikkje så ofte eg har det på bursdagen min. Vi åt middag på Green Garden som er vår favorittrestaurant sidan det er så koselig der og masse flaggermus i taket om kvelden. Fekk kjøpt eit par aviser, sånt noko finst ikkje i Sigowet (det er ei avis i ein butikk som ein kan kikke i om ein vil, men det er alt, ingen aviser for salg). Eg fekk joggesko i bursdagspresang, så no skal eg jogge, og då kjem alle i landsbyen til å le seg i hjel, det er ein aktivitet dei overhodet ikkje ser poenget med. Så bar det heim til fjella igjen for nye veker i Sigowet. Då vi kom tilbake fekk vi litt av ein velkomst, alle på Resam kom stormande, og vi vart kjørt inn porten og så nært døra vår det er mulig å komme, afrikanarane går ikkje to meter viss dei kan sleppe.