mandag 2. februar 2009

My birthday



Tusen takk for alle bursdagshelsingane, eg vart kjempeglad! Dagen vart feira i Kisumu, denne gongen fekk vi privat transport dit og slapp dermed å kjøre overfylt matatu. Vi budde på Lakeside View som sist og bada på Kisumu Hotel fredag, lørdag og søndag. Svinevarmt og sol, ikkje så ofte eg har det på bursdagen min. Vi åt middag på Green Garden som er vår favorittrestaurant sidan det er så koselig der og masse flaggermus i taket om kvelden. Fekk kjøpt eit par aviser, sånt noko finst ikkje i Sigowet (det er ei avis i ein butikk som ein kan kikke i om ein vil, men det er alt, ingen aviser for salg). Eg fekk joggesko i bursdagspresang, så no skal eg jogge, og då kjem alle i landsbyen til å le seg i hjel, det er ein aktivitet dei overhodet ikkje ser poenget med. Så bar det heim til fjella igjen for nye veker i Sigowet. Då vi kom tilbake fekk vi litt av ein velkomst, alle på Resam kom stormande, og vi vart kjørt inn porten og så nært døra vår det er mulig å komme, afrikanarane går ikkje to meter viss dei kan sleppe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar