lørdag 7. februar 2009

Kericho - a patchwork of tea plantations




Sjølv om dette er te-hovudstaden i Kenya, er det knapt nok mogleg å få ein kopp god te. Den gode teen blir eksportert. Te utgjer mellom 20-30% av eksporten frå Kenya. Teplantasjane er enorme, med små konsentrasjonsleirar til arbeidarane inne på området. Der bur og jobbar dei. Buskane blir plukka kvar 17 dag, og arbeidarane har ansvar for sitt lille felt. På ein god dag kan ein arbeidar plukke to gongar kroppsvekta si. Vi hadde store planer om å ta ein matatu til Kericho i går, men så kom Ruben (sjåfør i bilen ”Gods great”) og tilbydde skyss med privatbil om vi var interesserte. Eg pruta ikkje, noko eg tenkte etterpå at eg sjølvsagt burde gjort, og betalte 250 kr for heile familien+Kristine+ tur/retur, og då venta dei på oss utanfor kafeen vi åt på (Sunshine Hotel), kjørte oss til den botaniske hagen (som var veldig fin, du kan glede deg til den når du kjem på besøk, Grete), postkontoret og til butikken. Mr. Josh var og med. Alt medan dei venta og passa på at bilen var så nært døra som mogleg. Ein tenker jo at det er billig, men etterpå kom eg på at det faktisk er nesten to mnds lønningar for Josie, så det var nok ein smule overprisa. Hallvard blir litt stressa over at dei skal henge over oss og nesten bestemme kva vi skal gjere, det går ikkje å bli droppa av og så plukka opp eit par timar etterpå. Neida, dei må kjøre oss rundt, sjølv om det er ein LITEN by. Vi veit jo at det er godt meint, men likevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar