fredag 20. februar 2009

Eit husbesøk

Utanfor huset til David og Rachel

Oppvask. Kvinnene vaskar opp i baljar ute og legg til tørk på stativet. Ingen har innlagt vatn eller straum, og alle har utedo. Mykje jobbing...

I kyrkja. Hallvard og Frøya har fått nok for lenge sidan.

Her er menigheten, litt fleire enn på ei gjennomsnitts norsk gudsteneste?!

Lørdag var vi inviterte til David Bor, først i kyrkja (dei er 7. dags adventistar og har dermed lørdag som kyrkjedag) og så heim til han. Det vart ein lang dag, når gudstenesta gjekk inn i tredje time holdt vi på å svime av, det blir så varmt under blikktak i steikande sol, og i tillegg var det dørgande kjedelig. Vi måtte sjølvsagt fram og bli presentert skikkeleg for heile forsamlinga. Når det endeleg var ferdig vart vi kasta til ulvane. Det vil seie alle ungane som var der (mange) flokka seg rundt oss og ville glo på oss ta på håret vårt osv. Det blir altfor voldsomt for Ylva og Frøya. Det er skikkelig irriterande, for det er umulig å komme unna, dei følger etter kor langt som helst, og så ropar dei til andre framfor oss på stien slik at dei kan henge seg på, og dermed har ein alltid ein hale av folk etter seg. Etter kyrkja var vi heime hos familien til David, der vi vart servert geitekjøtt og diverse anna. Vi var der i timesvis, det er ikkje slik at ein kan stikke når ein har ete og tørrprata i eit par timar. Når ein er på besøk hos ein afrikansk familie er det uhøflig å gå før ein får lov. Og ein får aldri gå. Dei vil gjerne at ein skal vere der heile dagen. Sjølv om verten sit og ser på tv (kjempehøgt på swahili) og ein ikkje har meir å snakke om, så er det stas at ein berre sit der og glor. Men dei hadde heldigvis masse dyr som vi kunne gå og kikke på, og ein katt! Det rare var at kona i huset ikkje fekk ete med oss, berre mannen og ein nabo han hadde invitert. Dottera gadd han ikkje å presentere ein gong. Då vi hinta om at vi ville gå, kom dei med brus og kjeks, og så gjekk det ein time til. Og då ville kona i huset gjerne at Ylva og Frøya skulle vere igjen og overnatte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar