tirsdag 24. februar 2009

The king of bread

Kisumu - ein vakker by, bosset flyt i gatene...

...med mange vakre bygg! Ein del vart ødelagt under valget i desember 2007, då folk gjekk amok og brant ned hus og raserte byen.

Det var så svinevarmt i Kisumu denne helga (vart litt solbrent)! Vi budde på New Victoria Hotel denne gongen, det var koseleg, med balkong og indisk restaurant i første etasje. Til frokost lørdag var det SvampeBob til alles begeistring, litt nedtur på søndag når det var helbredelses-tv i staden. Det er heilt sjukt å sjå på, folk blir slått i bakken, og helbreda for alt frå kreft til døvhet. Eg trudde det var eit muslimsk hotell (stort bilde av Mecca på veggen etc.). Minareten er rett i nærleiken, og bønneropet gjallar frå kvart over fem om morgonen. Det er og alkoholfritt hotell, men vi smugla inn litt øl likevel, og satt på balkongen og såg på stjernehimmelen (Orions belte er rett over oss) og flaggermusene som flaksar mellom husa. Lørdag måtte vi ha pause frå bassenget midt på dagen, og okkuperte ein halv nettkafe, med ei maskin på kvar. Ylva og Frøya syntes det var topp, dessutan hadde dei god kaffi og milkshake der, noko ein ikkje akkurat får kvar dag. Ellers traff vi gatebarna vi spanderte bananer på sist vi var i Kisumu, dei kjente oss igjen og kom springande (Hey, I know you!).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar