tirsdag 31. mars 2009

Infections


Det er svært lett å få infeksjonar her, og får ein sår brukar det lang tid på å gro. Ylva fekk infeksjon etter bcg-vaksinen, og det var heilt vanvittig kva som kom ut av det såret. Til slutt måtte vi til den lokale medisinmannen og få antibiotika (kosta fire kroner for ein kur, noko som kan få ein til å fundere på medisinprisane heime). Då gav det seg omsider. Eg fekk eit gnagsår på ei tå ein av dei første dagane vi var her, og det tok altså ein mnd før det lukka seg. Mange går rundt med opne sår, byllar og diverse. Eg har lest at rundt 50 prosent av afrikanarane har bilharzia, som er ei larve som går inn i kroppen og et av innvollane (A swim in the lake? No thank you!). 10 prosent har hiv, svært mange har malaria og tyfoid. Og så har du varmen i tillegg. Er det rart ting går litt seint her? Hallvard (daktari Alvaro) har alltid med seg førstehjelpsutstyr, og no rensar han sår og plastrar elevane. Folk her gnir salt godt ned i såret, og dekkar det ikkje til. Kristine var på husbesøk hos ein familie der alle var angripne av ei slags lus som et opp beina på folk. Borna hadde store sår og var utestengt frå skulen. Mora var sløva, og the medical officer som var med meinte at lusa hadde begynt å ete på hjernen hennar, det kan visst skje viss ein ikkje får behandling i tide. Dette er eit vanleg problem hos dei som har jordgolv i husa sine, og det har jo dei fleste her. Men vi har heldigvis sementgolv. Uhu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar