torsdag 19. mars 2009

Billy goat gruff is dead...

Dødaren Markus med prakteksemplaret av ei geit

Partering

Ser nesten ut som eit kunstverk!

I anledning at svenskane skulle reise, vart vi invitert på slakting og påfølgjande grillfest. Det var Markus som skulle stå for kuttinga av strupen, med Joseph og Oskar som hjelparar. Det vart ein grisete affære, vi fekk sjå prosessen frå avliving og tapping av blod til partering og vrenging av alle delar, inkludert tarmar. Det er som Norge før i tida, ein skal bruke alt. Så vart det grilling på rist over ei grop i jorda. Det var mange på besøk, men kvinnene sat stort sett på kjøkkenet og mennene inne i huset, bortsett frå the wazungus. Vi fekk servert kjøtt, chapati, ugali etc. Og rosina i pølsa: kokt mage/tarminnhold. Oskar spiste ei heil skål av det!!! Eg bøyer meg i støvet. Eg kom til å tenke på Roald Dahls «SVK» der er det ein som heiter «mageslukeren», det blir no Oskar sitt nye navn, he he. Eg smakte litt, det var slett ikkje så ille, men tanken på kva det var fekk det til å gå rundt for meg. Dei andre nøyde seg med å vere The Flintstones som gnagde på kvart sitt digre bein. Ylva syntes slaktinga var spanande, ho stod og fulgte nøye med heile tida. Men skal ho bli veterinær må ho vel tåle litt blod og gørr. Frøya ville ikkje sjå på og heller ikkje smake. Ho ville heller leke med Vaffel på andre sida av huset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar