lørdag 24. januar 2009

Endeavour to excel


Nokre av borna på førskulen, han lille i midten er vår favoritt og kjempemorsom, han er litt substitutt for dei små fetterane heime.

P.E. (physical education) ute på jordet. Frøya og Laurin har det gøy.

Ylva og Frøya har begynt på Resam Academy, i 6. og 2. klasse. Eg har vore litt med dei begge inne i klassen, og det er ganske annleis enn i Norge. Dei som meiner at skulane heime treng oppussing kan ta seg ein tur hit, og Resam har visstnok mykje høgare standard enn Tonongoi, den offentlege skulen. Undervisningsspråket er engelsk, og dei som prøver seg med noko anna, kiswahili eller kibsigis (lokalt stammespråk) får kjeft. Norsk tolererer dei til ein viss grad endå. Elevane er som små robotar, læraren snakkar og dei repeterer eller svarer på spørsmål i kor. Det er ikkje sjølvsagt at ein får rykke opp til neste trinn etter endt skuleår, har ein dårlege resultat får ein fint gå opp igjen. Dermed er det veldig ulik alder på borna i samme klasse. I Frøya sin klasse er elevane frå 6 til 10 år. I Ylva sin klasse er dei mellom 10 og 16 år. Jentene tek til å bli litt kjent med dei andre no, og det er jo kjekt for alle partar, sjølvom det framleis blir mykje fuzz når vi viser oss. Frøya har ei venninne som heiter Laurin, som passar veldig på henne, og ropar ofte til læraren viss det er ting som bekymrar: ”Madam! Madam! Freya doesn’t have a cup!”. Elevane drikk berre te om morgonen, og så får dei graut (som er meir som ei suppe) kl 11. Då har dei sine eigne koppar, og stiller i matkø utanfor kjøkkenet. Ylva og Frøya har foreløpig ete lunch heime, men vi tenker å smake på suppa etterkvart. Elles et dei ugali som dei og påstår er det beste dei veit, eg mistenker at dei manglar andre svaralternativ.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar