onsdag 14. januar 2009

Josie brenner boss



Eg lurte litt på kor vi skulle hive bosset, og det er sjølvsagt ikkje noko apparat for renovasjon her. Josie tømte bosset utover og satte fyr på det, i eit hjørne av skuleplassen, der bossplassen er. Men då vi kjøpte brus i ein av butikkane her i går (glassflasker) gjekk det ei stund og så stod innehavaren ved porten og etter mykje om og men skjønte eg at han ville ha tilbake flaskene. Eg sa vi ikkje hadde drukke dei, og lova å komme opp med dei seinare. Det er tydeligvis pant på dei, men det er jo fint. Alle plastflaskene derimot, vi må jo kjøpe drikkevatn, hopar seg opp. Naboen sa at dei er jo fine til å hente melk i, eller ta med drikke viss ein skal ut på gården etc. Men dei kjøper nok ikkje vatn heile tida slik vi gjer. Folk her har nok mest organisk boss, dei dyrkar jorda og har nokre dyr (høns, kyr, sauer, geiter, esel for det meste), og har ikkje noko forbruk utover det. Dei lokale butikkane bærer preg av det, dei har nesten ingenting å selge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar