fredag 1. mai 2009

Ferie


Ikkje så lett å få godt nok nett til blogging når vi er på ferie, men eg kan jo oppsummere litt av det vi har gjort. Vi tok matatu til Kericho, og buss derifrå til Nairobi. I Nairobi var vi skikkeleg turistar.Vi hyra inn ein taxi som kjørte oss rundt frå sight til sight, begynte på eit animal rescue centre, der dei hadde elefant- og neshorn-babyar. Vi såg på når dei fekk sitt daglege gjørmebad. Så kjørte vi vidare til Giraffe-dyrehagen, der vi mata sjiraffar. Post tre på programmet var Karen Blixen-museet, det var dyrt og ikkje så bra. Fint hus og fin hage, fort gjort å kikke gjennom, så då hadde vi tid til krokodille og strutse-parken. Den var veldig bra. Vi fekk holde ein liten krokodille, og guiden vår hoppa inn i buret til dei store krokodillane for å erte dei med ein kjepp så dei angreip. Galskap, Frøya lurte resten av dagen på kvifor nokon ville jobbe der frivillig viss dei måtte inn der. Strutsane var morsomme, dessutan hadde dei ein liten sjiraff her og. Ylva og Frøya fekk ri på kamel. Meir er det vel knapt mogleg å skvise inn på ein dag. Vi måtte slappe av litt på hotellet før middag. Det er rart å vere i sivilisasjonen igjen etter tre mnd i Sigowet. Deilig at ikkje alle stirrar på oss absolutt heile tida. Vi tok nattog til Mombasa og hadde ein overnatting der. Fant ein liten kafe med havutsikt i gamlebyen som er ganske fin, og åt pilau mens vi stirra utover havet. Men Mombasa er ingen blivande stad, så vi reiste kjapt vidare til Tiwi Beach, der vi var ei veke. Fantastisk strand, mykje bading, snorkling og strandliv. Apekattane spratt rundt oss, dei åt ut av hendene på oss og kom gjerne inn på rommet for å sjå om vi hadde godis. Etter ei veke fann vi ut at vi måtte vidare, og tok matatu sørover over grensa til Tanzania, til den fantastiske byen Tanga (not!) der vi fant ut at båten til Zanzibar hadde gått samme dag (den går ein gong i veka). Så vi tok buss vidare dagen etter, til Dar es Salaam. Der hadde vi og ein overnatting, og fekk besøkt nasjonalmuseet og vandra litt rundt i byen (fant ein is-bar der nokon av oss (gjett kven) tok heilt av!).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar