fredag 1. mai 2009

Zanzibar

Dette bildet skal eg bruke som framside på boka eg heldt på å skrive.

På veg tilbake til båten vår etter lunch.

Regntid? Tja...

Hallvard, Frøya og Ylva snorklar i solnedgang.

Ein fantastisk dag på havet. Ja, eg har fletta håret, det tok over
4 timar, og nei, dei hadde ikkje lyst hår! Vi er tross alt i Afrika,
så lysebrunt var det næraste vi kom.

Ylva og meg i aksjon. Vi har eit lite undervannskamera
som vi har brukt flittig denne ferien. Fantastisk stilig å snorkle på
korallrevet ved Mnemba! Kanskje vi må tilbake til Zanzibar snart.
Nokon som blir med?

Vi tok båt frå Dar es Salaam til Stone Town og noko av det første vi la merke til var det vanvittig turkise havet rundt øya. Vi fekk i oss litt mat før vi tok turen til nordspissen av Zanzibar og fant ein fin bungalow 2 meter frå stranda. Igjen bading, soling og snorkling, ein dag var vi på båttur til Mnemba, der det var vanvittig fint å snorkle (ja, vi såg både Nemo og Dorry), og til lunch åt vi grilla fisk på stranda. Sjømaten var kjempegod, men ein dag vart eg litt overmodig og bestilte blekksprut, noko som vart litt for tentaklete for meg. No er det lavsesong, og svært få turistar over alt (i tillegg til finanskrise som har ført til mindre turisme). Vi hadde eit par dagar i Stone Town, ein av afrikas finaste byar (verna av UNESCO). Så tok vi båten tilbake til Dar es Salaam. Lite sjø, men nok til at både Ylva og Frøya spydde. Vi andre såg ein klisjefilm av Mel Gibson. Ei overnatting i Dar, og så tok vi buss til Moshi, var der to netter, og tok buss til Nairobi. Fantastisk landskap undervegs, særleg mellom Arusha og den kenyanske grensa. Kilimanjaro er eit mektig fjell, vi var heldige med veret og fekk sett det stikke opp av skyane! Bussturane har vore spekka med problemer, Hallvard heldt på å gå i lufta mange gongar, men vi kom no fram til Nairobi til slutt:o).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar