lørdag 4. april 2009

Cholera outbreak

Maren i myra, eit norsk koleraoffer frå epidemien i 1853.

Det er utbrudd av kolera i nærheten av Sigowet, og tre er døde. Hotell og slaktarar i Sigowet er stengt inntil vidare. Kolera er farlegast for små barn og folk som er underernærte, noko mange er her. Kolera er ein smittsom mage/tarm-sjukdom som gir voldsom diarè. Det oppstår stort væsketap innan kort tid, noko som kan vere dødelig innan eit døgn etter utbrot. Behandling er enkel: væsketilførsel. Ikkje rart om det smittar heller, for eg har sett at folk gjer frå seg i samme vannhol som dei hentar drikkevatn! Den siste koleraepidemien i Norge var i 1853 i Oslo med rundt 2500 døde (kloakk frå sjukehuset blanda seg med drikkevatnet...). Det var først mange år seinare at kolerabakterien vart oppdaga, og ein fann ut at sjukdommen smittar gjennom vatn. Mange år sidan det, men framleis fører kolera til at tusenvis døyr i u-land kvart år.

tirsdag 31. mars 2009

Infections


Det er svært lett å få infeksjonar her, og får ein sår brukar det lang tid på å gro. Ylva fekk infeksjon etter bcg-vaksinen, og det var heilt vanvittig kva som kom ut av det såret. Til slutt måtte vi til den lokale medisinmannen og få antibiotika (kosta fire kroner for ein kur, noko som kan få ein til å fundere på medisinprisane heime). Då gav det seg omsider. Eg fekk eit gnagsår på ei tå ein av dei første dagane vi var her, og det tok altså ein mnd før det lukka seg. Mange går rundt med opne sår, byllar og diverse. Eg har lest at rundt 50 prosent av afrikanarane har bilharzia, som er ei larve som går inn i kroppen og et av innvollane (A swim in the lake? No thank you!). 10 prosent har hiv, svært mange har malaria og tyfoid. Og så har du varmen i tillegg. Er det rart ting går litt seint her? Hallvard (daktari Alvaro) har alltid med seg førstehjelpsutstyr, og no rensar han sår og plastrar elevane. Folk her gnir salt godt ned i såret, og dekkar det ikkje til. Kristine var på husbesøk hos ein familie der alle var angripne av ei slags lus som et opp beina på folk. Borna hadde store sår og var utestengt frå skulen. Mora var sløva, og the medical officer som var med meinte at lusa hadde begynt å ete på hjernen hennar, det kan visst skje viss ein ikkje får behandling i tide. Dette er eit vanleg problem hos dei som har jordgolv i husa sine, og det har jo dei fleste her. Men vi har heldigvis sementgolv. Uhu!

Mungu unapenda

Her er Fredrik i rosa bukser. Rosa er ingen jentefarge her.

Oscar, Markus og Thomas

Eg og Kristine presenterer oss, noko vi alltid må uansett kor vi er. Vi ser ut som eit par fromme misjonærar, he he.

Lett å duppe av når temperaturen nermar seg 40 grader under blikktaket.

Baba yetu uliye mbinguni, Jina lako litkuzwe,
Ufalme wako uje, Mapenzi yako yatimizwe,
hapa duniani kama huko mbinguni.
Utupe leo riziki yetu.
Utusamehe deni zetu,
kama sisi nasi tuwasammehevyo wadeni wetu.
Na usitutie majaribuni, lakini utuokoe na yule mwowu.
Kwa kuwa ufalme ni wako, na nguvu, na utukufu hata milele.
Amina.



fredag 27. mars 2009

Fred, Peter og Julian som bur på gata i Kisumu

"Dear Mr. President"

Dear Mr. President,
Come take a walk with me.
Let's pretend we're just two people and
You're not better than me.
I'd like to ask you some questions if we can speak honestly.

What do you feel when you see all the homeless on the street?
Who do you pray for at night before you go to sleep?
What do you feel when you look in the mirror?
Are you proud?

How do you sleep while the rest of us cry?
How do you dream when a mother has no chance to say goodbye?
How do you walk with your head held high?
Can you even look me in the eye
And tell me why?

Dear Mr. President,
Were you a lonely boy?
Are you a lonely boy?
Are you a lonely boy?
How can you say
No child is left behind?
We're not dumb and we're not blind.
They're all sitting in your cells
While you pave the road to hell.

What kind of father would take his own daughter's rights away?
And what kind of father might hate his own daughter if she were gay?
I can only imagine what the first lady has to say
You've come a long way from whiskey and cocaine.

How do you sleep while the rest of us cry?
How do you dream when a mother has no chance to say goodbye?
How do you walk with your head held high?
Can you even look me in the eye?

Let me tell you 'bout hard work
Minimum wage with a baby on the way
Let me tell you 'bout hard work
Rebuilding your house after the bombs took them away
Let me tell you 'bout hard work
Building a bed out of a cardboard box
Let me tell you 'bout hard work
Hard work
Hard work
You don't know nothing 'bout hard work
Hard work
Hard work
Oh

How do you sleep at night?
How do you walk with your head held high?
Dear Mr. President,
You'd never take a walk with me.
Would you?

-Pink-

onsdag 25. mars 2009

Kiptere

Vaffel likar stort sett å gå tur, når ho ikkje giddar meir, slenger ho seg ned i grøfta og nekter å gå lengre. Ho er redd for store bilar, men vil gjerne jage esel!

Robert, Irene, Brian, Mercy, Dennis og eit par ekstra linselus.

Frøya tar bilde av meg i lag med den søøøte kalven!

Vi har funne ein supergrei familie i Kiptere som vil passe Vaffel når vi skal vekk, og dei vil gjerne ha henne når vi reiser heim. Det er ellers mange som stoppar oss når vi går tur og seier: Give me the dog! Men dei veit vel at viss dei får ein valp av oss, har den fått lusekur, vaksine, ormekur, god mat og godt stell, og altså er ein hund med eit godt utgangspunkt. Veterinæren fortalte at denne rasen er vanskeleg å trene, men Vaffel har no allereide lært å gå på do ute. Men den et absolutt alt den kjem over, til og med drit! Dei som ikkje vil ha Vaffel, vil gjerne gi oss ein hund til, eller ein katt. Det er jo logisk, viss du har ein hund vil du jo ha fleire. «I bring you the cat tomorrow». Trur det held med Vaffel forløpig. Vi var i Kiptere i går, og det viste seg at barna hadde gått tur med både Vaffel og Chapati, den andre hunden dei har. Det er noko folk her elles aldri gjer, og synes det er veldig morsomt at vi går tur med hunden i band.

søndag 22. mars 2009

Barna i Afrika


Når eg seier til Ylva og Frøya at dei skal tenke på barna i Afrika, svarer dei: Jammen, mamma, det er jo oss!!!

torsdag 19. mars 2009

At nordmenn er rare

veit jo alle. Dei teltar til og med inne i huset! Folk som kjem på besøk synes det er veldig morsomt at vi har telt midt i stova, men Ylva og Frøya bur faktisk i det for tida. Det er Kristine som har tatt bilde av oss.